onsdag 10. februar 2010

Læringsobjekt: Video som forklarer lodding av elektroniske komponentar

Eg har laga eit læringsobjekt til faget natufag på 9.trinn. Dette faget underviser eg i sjølv, og tok utgangspunkt i eit emne vi arbeidde med no i januar.


Vi har hatt om elektronikk, og kom til eit punkt kor vi skulle gjere kapitlet i boka meir praktisk; elevane skulle bygge ein FM-radio. For å kunne bygge denne radioen, måtte dei lære å lodde elektroniske komponentar på eit kretskort. Eg hadde ein intro på 20 min kor eg skulle forklare korleis dei skulle gjere det (heilt basic første gongen, så meir utfyllande neste gong), og dei skulle prøve litt. Problemet var at eg hadde mange elevar inne i klasserommet samtidig, og berre eit fåtal kunne sjå i detalj kva eg gjorde. Det vart nesten bortkasta å demonstrere. Neste gong skulle elevane starte med byggesettet, og dei fekk ein utfyllande manual kor det mellom anna stod ein del om lodding. Dette las eg høgt for elevane, samtidig som dei hadde heftet framfor seg. Likevel vart det gjort nokre feil her og der undervegs i bygginga som varte i 5 veker. Dermed såg eg behovet for å lage ein film som var kortfatta, inneheldt den same informasjonen som dei las i boka og i heftet, og vart blåst opp på storskjerm så alle kunne sjå tydelegare.





Når det gjeld det tekniske, så brukte eg eit kompaktkamera til å filme og ta bilete med. Bileta vart greie, og det vart for så vidt videoklippa òg, men det vart vanskeleg å få fine detaljar på videoen med tanke på lysforhold og kamerakvalitet. Rommet vi arbeidde i har svært dårlege lysforhold, og difor blei det ein del refleksar i bileta. Likevel meiner eg at tydelege stillbilete utfyller videoklippa på ein god nok måte. Elevane skal jo prøve sjølv etterpå, og ser det meir i detalj då.


Eg har brukt Windows MovieMaker i arbeidet med filmen. Eg hadde først ein tanke om kva tekst som skulle vere med, og velte deretter ut bileta og videoklippa eg ville bruke. Eg sette dei inn i ei høveleg rekkefølgje. Så skreiv eg eit utkast til manus, og las dette inn ved hjelp av lydkommentarfunksjonen i MovieMaker og ein Canyon CNR-CP2-mikrofon. Eg las inn teksten i fleire kommentarar, slik at eg lettare kunne spele inn ein ny dersom eg ikkje var nøgd. Eg justerte manuset dersom eg oppdaga at noko ikkje passa inn eller måtte flyttast på. Det var praktisk å ha eit manus å lese opp frå, elles blei det lett til at eg slengte på unødvendige kommentarar. Då eg hadde lagt inn lydkommentarane, klipte eg vekk unødvendige pausar. Så justerte eg plasseringa og varigheita på bileta, og passa spesielt på at videoklippa passa til lydkommentarane. Eg la også til tekst på dei bileta eg ville ha det. Til slutt finpussa eg på overgangar, fargar og animasjonar, samt at eg la til musikk før og etter filmen. Kompresjonen senka kvaliteten på videoklippa ein del, og dei blei meir utydelege enn dei opphavleg var.




Vurdering av arbeidet mitt:
Eg trur at det er ganske tydeleg kva poenget i filmen er - å lære å lodde. Det er lite tekst, men eg valde å ha tekst på utstyret, og for å understreke kva eg snakka om. Slik kan det vere lettare å lære nye ord. Kanskje kunne det ha vore meir tekst, men det er eit val eg har teke.


Læringseffekten må vere god, i forhold til at den når alle tydelegare enn om eg hadde vist det framme ved kateteret. Dessutan er det nyttig med tanke på individualisering. Elevane sjølv kan spele det av så ofte dei vil på eigen pc, stanse undervegs osv.


Innhaldet er relevant i faget, men kor sentralt det er kan kanskje diskuterast. Det vart brukt mykje tid på å lage noko som skal gjerast på 3 minutt (frå læraren si side). På skulen vår får vi utdelt gratis radio-byggesett frå Universitetet i Stavanger kvart år, og prioriterer å bruke det. Dette var den einaste aktiviteten vi gjorde gjennom eitt av dei to kapitla om elektronikk. Slik sett var det sentralt i faget. Men det må nemnast at emnet, i seg sjølv, er meir vektlagt i læreboka enn det er i læreplanen.


Å lodde tek ikkje mange sekunda, difor er det mykje oppattakande bilete i filmen min. Derimot er det mykje ny informasjon som blir sagt samtidig. Denne går kanskje litt fort av og til, og er nok ikkje heilt lineær, men sidan elevane får teksten på papir saman med byggesettet, kan det repeterast dersom det er behov for det.


Eg har valt å bruke same skrifttype, storleik og farge gjennom heile filmen, og det er dei same effektane som er brukt på dei ulike typane av tekst. Det er lite tekst å lese, men mykje tekst å høyre, ein fordel for dei lesesvake.
Layout på tittelfelt og rulletekst skal ikkje vere utprega, for å behalde eit seriøst og fagleg uttrykk.
Lyden, teksten og bileta utfyller kvarandre.


Eg har vore bevisst i valet av animasjonar og overgangar. Dersom det er ein tydelegare overgang til noko "nytt", har eg brukt ein type overgang, medan eg har tona inn når eg ønskjer at bileta skal gli inn i kvarandre parallellt med teksten.


Eg har valt å leggje til musikk før og etter videoen, denne tonar inn og ut. Sangvalet er bevisst - det handlar om elektrisitet.;-) Den fangar dessutan merksemda til elevane. Eg ønskte ikkje å ha bakgrunnsmusikk på resten av filmen, då eg meiner at det ville ha vore forstyrrande og unødvendig.


Eg brukte elevar til å demonstrere loddinga, og viste dei same elevane filmen etter at han var ferdig. Eg fekk tilbakemeldingar om at han var lærerik, og at han forklarte godt korleis det skulle gjerast.


I del og bruk-anden legg eg filmen ut på YouTube, samt deler han i nettverket på skulen, slik at det forhåpentlegvis kan brukast av andre seinare. Så vidt eg kunne sjå låg det ikkje noko tilsvarande på YouTube på norsk frå før av (berre engelsk), og særleg ikkje på nynorsk.


Eg har lånt nokre teikningar frå ei anna webside, kjelda er oppgitt i rulleteksten på videoen. Musikken har eg ikkje opphavsrett til i det heile, men eg freista å bruke han likevel. Eg skal ikkje akkurat tene på dette.