søndag 14. mars 2010

Digitale testar

Denne oppgåva dreier seg om å lage digitale testar i eit fag eg underviser i. Eg har velt Historie på 9.trinn, særleg pga at det passa godt sidan eg skulle lage ein prøve no likevel. I samarbeid med to kollegar, laga vi ein prøve på it's:learning. It's:learning er plattforma skulen bruker, og den gir mange moglegheiter for ulike oppgåvetypar. Vi laga 60 oppgåver med automatisk retting, slik at elevane ikkje skulle skrive noko som helst, men velje mellom fleire alternativ.

Del 1
Oppgåva på PNDL-kurset skulle leverast i Fronter, og det var interessant å samanlikne prøveverktya i Fronter og it's:learning. Eg opplever it's:learning som mykje meir brukarvennleg enn fronter, både i design og løysingar. Samtidig har begge plattformene både fordelar og ulemper.

Etter å ha laga spørsmåla i it's:learning, velde eg ut 10 oppgåver som eg la inn i fronter. I nokre av oppgåvene sette eg inn eit bilete som illustrasjon, medan i ei av oppgåvene la eg ved ei lenke til ein video om Krystallnatta. Dette var mest for øvinga sin del, og ikkje noko eg hadde med på prøven til elevane.

Sidan eg måtte ha med eit par tekstspørsmål (for å prøve ut alle oppgåvetypane), velde eg å ikkje ha automatisk retting på prøva. Ein har ingen garanti for at elevane skriv nøyaktig det same som løysingsforslaget, og heller ikkje at dei skriv orda rett. I samfunnsfag skal ein ikkje få trekk for skrivefeil, og dermed er det mest praktisk at læraren rettar manuelt akkurat desse oppgåvene.

I spørsmålsformuleringa har eg teke noko omsyn til Bloom's taksonomi, og forsøkt å lage spørsmål som dekkjer dei seks kunnskapsmåla; hukommelse, forståing, tillemping, analyse, syntese og vurdering. Eg føler at det er vanskeleg å lage fleirvalsoppgåver for dei to høgaste nivåa, til det er tekstsoppgåver meir formålstenleg om ein skal kunne vurdere svara i forhold til mål.

Eg velde å vise spørsmåla i tilfeldig rekkefølgje. Dette for å sikre mot juks dersom elevar sit tett og kan sjå på kvarandre sin skjerm. Svaralternativa kjem òg i tilfeldig rekkjefølgje av same grunn. Eg velde ikkje å gje trekk for feil svar. På dette nivået meiner eg at det ikkje gjer noko om eleven gjettar, og å skremme han med å seie at dei får trekk dersom dei svarar feil, meiner eg er feil fokus. Eleven kan dessutan berre gjere prøven ein gong.

Eg la mykje arbeid i å finne på gode distraktørar. Desse inneheldt i fleire tilfelle sann informasjon, men dei var ikkje svaret på oppgåva. Når elevane hadde teke prøva, såg eg over spørsmålsstatistikken for å sjå kva for nokre spørsmål som hadde fungert med omsyn til om eg hadde gode distraktørar. Særleg spørsmålet om krystallnatta hadde fungert. Kunne dei svaret, var det ikkje vanskeleg å sjå kva for eit alternativ som var rett, men kunne dei det ikkje, velde dei like så godt eit anna alternativ som høyrdes "sannsynleg" ut. Eg såg òg at dess fleire alternativ det var å velje i, dess vanskelegare vart det å gjette, og dess lengre svaralternativa var, dess vanskelegare vart det òg.


Del 2
Den andre delen av oppgåva var å lage 10 oppgåver i programmet HotPotatoes. Det fungerer slik at du lager oppgåver i dei ulike delprogramma, og så lastar du det opp på HotPotatoes sin server og det blir laga ei nettside med testen, som er open for alle. Alternativt kan du lagre det som ei HTML-side på harddisken, og laste den opp i til dømes it's learning.

Eg laga oppgåver av typen Finn par, Ordpuslespel, Quiz og Kryssord. Ein del av oppgåva var òg å leggje inn bilete i ei oppgåve, lydklipp i ei oppgåve, og video i ei oppgåve. Eg kan ikkje seie at video og lydklipp er så veldig relevant for å kunne løyse oppgåvene, men eg har i alle fall prøvd det.

Eg opplevde ein del problem med opplastinga av oppgåvene til serveren, så eg kan diverre ikkje leggje ut link til oppgåvene på bloggen.