Creative Commons (CC) er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider med å lage ferdige avtalar (lisensar) om bruk av åndsverk. Desse avtalane har tilhøyrande symbol, som du kan leggje på bloggen din, på bilete, videoar og andre digitale produksjonar du har laga sjølv. Dei skal fortelje lesarane dine at dei kan bruke det du har laga til eigne produksjonar, men på visse vilkår.
Alle Creative Commons-lisensane påbyr "namngjeving", dvs. at for å få lov til å bruke eit åndsverk, så må brukaren oppgje namnet på den som har skapt verket. Du kan òg forby brukarane å bruke verket ditt i kommersiell samanheng, det vil seie at dei har ikkje lov til å tene pengar på det.
Kjelde: Creative Commons Norge 28.4.10
Nedanfor har eg lagt inn ein videocast frå Creative Commons Norge om nettopp åndsverk og CC-lisensar. Presentasjonen er spesielt retta mot elevar på barnetrinnet, men eg vil tru at også ungdomsskuleelevar vil ha god nytte av denne informasjonen.