onsdag 28. april 2010

GeoAtlas

Tredje oppgåve på studiet Produksjon av nynorske digitale læringsressursar, var å skrive ein artikkel i GeoAtlas. GeoAtlas er ei digital samling av artiklar skrivne av elevar, lærarar og andre, som tek utgangspunkt i nærmiljøet til forfattaren. Tema kan vere henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Artiklane kan innehalde fleire element; tekst, bilete, lydklipp, videoklipp og lenkjer til meir utfyllande stoff.


Eg skreiv ein artikkel om Åknesremna på Sunnmøre. Lenkje til artikkelen blir lagt inn her så snart den er klar. Artikkelen handlar om faren for flodbølgjer som følgje av skred i fjorden. Sjølv om det er langt vekke for elevane mine, bruker eg det ofte som døme når eg underviser om flodbølgjer. Det er ikkje berre i Thailand at tsunamikatastrofar skjer. Å finne stoff var ikkje vanskeleg, då eg kjenner fleire som er meir eller mindre involvert i beredskapsarbeidet. Det er dessutan skrive fleire artiklar, laga videosnuttar, teke bilete og nettsider om plassen. Eg har ikkje hatt moglegheit til å ta nokon bilete sjølv, ei heller film.


Eg likte å arbeide med GeoAtlas, og ser at det kan bli eit nyttig verkty i skulen. Eg merka meg at dei fleste artiklane som var publisert der, var frå Sogn og Fjordane, så i høve til arbeid med lokalhistorie for oss som bur litt i periferien(!), er det ein del arbeid som må gjerast.

Eg hadde nokre problem med GeoAtlas, og dei var knytt til nettlesar. Problema løyste seg når eg arbeidde i IE, og ikkje i Chrome. Etter at eg hadde sendt artikkelen til publisering, såg eg at eg hadde gløymt å leggje inn kjeldene. Eg prøvde å skrive inn meir tekst, men det vart ikkje lagra. Kjeldene er fleire av dei same som lenkjene, så eg satsar på at det er greit nok, sjølv om eg ikkje er nøgd med løysinga.

For meg er artikkelen ein god oppsamlingsbase for dei ressursane eg har nytta i undervisninga til no. Eg har sakna ein slik base, for det blir lett rotete i nettside-favorittane mine...

Eg trur at eg kan kome til å skrive fleire GeoAtlas-artiklar, og det kan godt vere at eg lar elevane skrive artiklar. Slik kan ein kanskje få produsert fleire artiklar frå Rogaland òg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar