onsdag 12. mai 2010

Wiki

Eg har skrive ein wiki-artikkel om Creative commons. Eg tok utgangspunkt i
Creative Commons sine norske nettsider, og skreiv korte forklaringar til dei
ulike symbola. Bileta fann eg via Wikimedia.

Eg likte godt å arbeide med wiki, sjølv om formateringa innimellom blei litt
tungvindt. Eg varierte mellom å bruke dei enkle formateringsverktya i wikien,
og å skrive inn kodane sjølv. Eg sakna moglegheita til å ”embedde” videoar i
artikkelen, noko som er den store styrken til bloggen. Likevel kan ein lenkje til
videoar, og gjere det klart med tekst og/eller bilete at det er ein video som er
verdt å sjå.

Den store styrken til wikien er, etter mi meining, at ein kan lage nye sider for
ord ein ønskjer å forklare, ein kan lenkje til sider nokon andre har oppretta, og
ein kan lenkje til eksterne nettsider. Slik kan ein wiki fungere som ein god
læringsressurs.

Kommentarane eg fekk på artikkelen var positive, og når eg fekk fullført
artikkelen i høve til oppgåveteksten, synes eg at det vart bra.

I skulen kan wiki brukast på mange måtar trur eg, og på ungdomstrinnet og
vidaregåande bør det ikkje vere nokon praktiske problem knytt til det. Eg har
lyst til å prøve ut verktyet på 10.trinn neste skuleår, men har enno ikkje
bestemt meg for kva fag eg vil gjere det i. Truleg landar eg på samfunnsfag,
sidan det er hovudfagfeltet mitt, og eit fag med mange ord og omgrep som må
forklarast. At ein har muligheit til å skrive korte eller lange tekstar, og at
tekstane likevel er nyttige, gjer større mulegheiter for differensiering. Eg veit at
eg enno har ein veg å gå for at bruken av wiki med elevane mine skal gå
knirkefritt, så det krever ein del førebuingar. Etter eit halvt år med blogging såg
eg meg lei på å bruke ein time på å hjelpe elevane med å få nytt passord – kvar
einaste gong… Det vart lite produktiv tid. No sit eg att med 10 elevar som skriv
på bloggen med ujamne mellomrom, medan dei andre leverer på it’s learning.
Med wiki kan eg sjølv ha meir kontroll og styre elevane saman i den retninga eg
vil dei skal gå, og eg kan ha full oversikt over at alle får gjort det dei skal.

onsdag 28. april 2010

Creative Commons





Creative Commons (CC) er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider med å lage ferdige avtalar (lisensar) om bruk av åndsverk. Desse avtalane har tilhøyrande symbol, som du kan leggje på bloggen din, på bilete, videoar og andre digitale produksjonar du har laga sjølv. Dei skal fortelje lesarane dine at dei kan bruke det du har laga til eigne produksjonar, men på visse vilkår.
Alle Creative Commons-lisensane påbyr "namngjeving", dvs. at for å få lov til å bruke eit åndsverk, så må brukaren oppgje namnet på den som har skapt verket. Du kan òg forby brukarane å bruke verket ditt i kommersiell samanheng, det vil seie at dei har ikkje lov til å tene pengar på det.



Kjelde: Creative Commons Norge 28.4.10




Nedanfor har eg lagt inn ein videocast frå Creative Commons Norge om nettopp åndsverk og CC-lisensar. Presentasjonen er spesielt retta mot elevar på barnetrinnet, men eg vil tru at også ungdomsskuleelevar vil ha god nytte av denne informasjonen.


GeoAtlas

Tredje oppgåve på studiet Produksjon av nynorske digitale læringsressursar, var å skrive ein artikkel i GeoAtlas. GeoAtlas er ei digital samling av artiklar skrivne av elevar, lærarar og andre, som tek utgangspunkt i nærmiljøet til forfattaren. Tema kan vere henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Artiklane kan innehalde fleire element; tekst, bilete, lydklipp, videoklipp og lenkjer til meir utfyllande stoff.


Eg skreiv ein artikkel om Åknesremna på Sunnmøre. Lenkje til artikkelen blir lagt inn her så snart den er klar. Artikkelen handlar om faren for flodbølgjer som følgje av skred i fjorden. Sjølv om det er langt vekke for elevane mine, bruker eg det ofte som døme når eg underviser om flodbølgjer. Det er ikkje berre i Thailand at tsunamikatastrofar skjer. Å finne stoff var ikkje vanskeleg, då eg kjenner fleire som er meir eller mindre involvert i beredskapsarbeidet. Det er dessutan skrive fleire artiklar, laga videosnuttar, teke bilete og nettsider om plassen. Eg har ikkje hatt moglegheit til å ta nokon bilete sjølv, ei heller film.


Eg likte å arbeide med GeoAtlas, og ser at det kan bli eit nyttig verkty i skulen. Eg merka meg at dei fleste artiklane som var publisert der, var frå Sogn og Fjordane, så i høve til arbeid med lokalhistorie for oss som bur litt i periferien(!), er det ein del arbeid som må gjerast.

Eg hadde nokre problem med GeoAtlas, og dei var knytt til nettlesar. Problema løyste seg når eg arbeidde i IE, og ikkje i Chrome. Etter at eg hadde sendt artikkelen til publisering, såg eg at eg hadde gløymt å leggje inn kjeldene. Eg prøvde å skrive inn meir tekst, men det vart ikkje lagra. Kjeldene er fleire av dei same som lenkjene, så eg satsar på at det er greit nok, sjølv om eg ikkje er nøgd med løysinga.

For meg er artikkelen ein god oppsamlingsbase for dei ressursane eg har nytta i undervisninga til no. Eg har sakna ein slik base, for det blir lett rotete i nettside-favorittane mine...

Eg trur at eg kan kome til å skrive fleire GeoAtlas-artiklar, og det kan godt vere at eg lar elevane skrive artiklar. Slik kan ein kanskje få produsert fleire artiklar frå Rogaland òg. 

søndag 14. mars 2010

Digitale testar

Denne oppgåva dreier seg om å lage digitale testar i eit fag eg underviser i. Eg har velt Historie på 9.trinn, særleg pga at det passa godt sidan eg skulle lage ein prøve no likevel. I samarbeid med to kollegar, laga vi ein prøve på it's:learning. It's:learning er plattforma skulen bruker, og den gir mange moglegheiter for ulike oppgåvetypar. Vi laga 60 oppgåver med automatisk retting, slik at elevane ikkje skulle skrive noko som helst, men velje mellom fleire alternativ.

Del 1
Oppgåva på PNDL-kurset skulle leverast i Fronter, og det var interessant å samanlikne prøveverktya i Fronter og it's:learning. Eg opplever it's:learning som mykje meir brukarvennleg enn fronter, både i design og løysingar. Samtidig har begge plattformene både fordelar og ulemper.

Etter å ha laga spørsmåla i it's:learning, velde eg ut 10 oppgåver som eg la inn i fronter. I nokre av oppgåvene sette eg inn eit bilete som illustrasjon, medan i ei av oppgåvene la eg ved ei lenke til ein video om Krystallnatta. Dette var mest for øvinga sin del, og ikkje noko eg hadde med på prøven til elevane.

Sidan eg måtte ha med eit par tekstspørsmål (for å prøve ut alle oppgåvetypane), velde eg å ikkje ha automatisk retting på prøva. Ein har ingen garanti for at elevane skriv nøyaktig det same som løysingsforslaget, og heller ikkje at dei skriv orda rett. I samfunnsfag skal ein ikkje få trekk for skrivefeil, og dermed er det mest praktisk at læraren rettar manuelt akkurat desse oppgåvene.

I spørsmålsformuleringa har eg teke noko omsyn til Bloom's taksonomi, og forsøkt å lage spørsmål som dekkjer dei seks kunnskapsmåla; hukommelse, forståing, tillemping, analyse, syntese og vurdering. Eg føler at det er vanskeleg å lage fleirvalsoppgåver for dei to høgaste nivåa, til det er tekstsoppgåver meir formålstenleg om ein skal kunne vurdere svara i forhold til mål.

Eg velde å vise spørsmåla i tilfeldig rekkefølgje. Dette for å sikre mot juks dersom elevar sit tett og kan sjå på kvarandre sin skjerm. Svaralternativa kjem òg i tilfeldig rekkjefølgje av same grunn. Eg velde ikkje å gje trekk for feil svar. På dette nivået meiner eg at det ikkje gjer noko om eleven gjettar, og å skremme han med å seie at dei får trekk dersom dei svarar feil, meiner eg er feil fokus. Eleven kan dessutan berre gjere prøven ein gong.

Eg la mykje arbeid i å finne på gode distraktørar. Desse inneheldt i fleire tilfelle sann informasjon, men dei var ikkje svaret på oppgåva. Når elevane hadde teke prøva, såg eg over spørsmålsstatistikken for å sjå kva for nokre spørsmål som hadde fungert med omsyn til om eg hadde gode distraktørar. Særleg spørsmålet om krystallnatta hadde fungert. Kunne dei svaret, var det ikkje vanskeleg å sjå kva for eit alternativ som var rett, men kunne dei det ikkje, velde dei like så godt eit anna alternativ som høyrdes "sannsynleg" ut. Eg såg òg at dess fleire alternativ det var å velje i, dess vanskelegare vart det å gjette, og dess lengre svaralternativa var, dess vanskelegare vart det òg.


Del 2
Den andre delen av oppgåva var å lage 10 oppgåver i programmet HotPotatoes. Det fungerer slik at du lager oppgåver i dei ulike delprogramma, og så lastar du det opp på HotPotatoes sin server og det blir laga ei nettside med testen, som er open for alle. Alternativt kan du lagre det som ei HTML-side på harddisken, og laste den opp i til dømes it's learning.

Eg laga oppgåver av typen Finn par, Ordpuslespel, Quiz og Kryssord. Ein del av oppgåva var òg å leggje inn bilete i ei oppgåve, lydklipp i ei oppgåve, og video i ei oppgåve. Eg kan ikkje seie at video og lydklipp er så veldig relevant for å kunne løyse oppgåvene, men eg har i alle fall prøvd det.

Eg opplevde ein del problem med opplastinga av oppgåvene til serveren, så eg kan diverre ikkje leggje ut link til oppgåvene på bloggen.

onsdag 10. februar 2010

Læringsobjekt: Video som forklarer lodding av elektroniske komponentar

Eg har laga eit læringsobjekt til faget natufag på 9.trinn. Dette faget underviser eg i sjølv, og tok utgangspunkt i eit emne vi arbeidde med no i januar.


Vi har hatt om elektronikk, og kom til eit punkt kor vi skulle gjere kapitlet i boka meir praktisk; elevane skulle bygge ein FM-radio. For å kunne bygge denne radioen, måtte dei lære å lodde elektroniske komponentar på eit kretskort. Eg hadde ein intro på 20 min kor eg skulle forklare korleis dei skulle gjere det (heilt basic første gongen, så meir utfyllande neste gong), og dei skulle prøve litt. Problemet var at eg hadde mange elevar inne i klasserommet samtidig, og berre eit fåtal kunne sjå i detalj kva eg gjorde. Det vart nesten bortkasta å demonstrere. Neste gong skulle elevane starte med byggesettet, og dei fekk ein utfyllande manual kor det mellom anna stod ein del om lodding. Dette las eg høgt for elevane, samtidig som dei hadde heftet framfor seg. Likevel vart det gjort nokre feil her og der undervegs i bygginga som varte i 5 veker. Dermed såg eg behovet for å lage ein film som var kortfatta, inneheldt den same informasjonen som dei las i boka og i heftet, og vart blåst opp på storskjerm så alle kunne sjå tydelegare.





Når det gjeld det tekniske, så brukte eg eit kompaktkamera til å filme og ta bilete med. Bileta vart greie, og det vart for så vidt videoklippa òg, men det vart vanskeleg å få fine detaljar på videoen med tanke på lysforhold og kamerakvalitet. Rommet vi arbeidde i har svært dårlege lysforhold, og difor blei det ein del refleksar i bileta. Likevel meiner eg at tydelege stillbilete utfyller videoklippa på ein god nok måte. Elevane skal jo prøve sjølv etterpå, og ser det meir i detalj då.


Eg har brukt Windows MovieMaker i arbeidet med filmen. Eg hadde først ein tanke om kva tekst som skulle vere med, og velte deretter ut bileta og videoklippa eg ville bruke. Eg sette dei inn i ei høveleg rekkefølgje. Så skreiv eg eit utkast til manus, og las dette inn ved hjelp av lydkommentarfunksjonen i MovieMaker og ein Canyon CNR-CP2-mikrofon. Eg las inn teksten i fleire kommentarar, slik at eg lettare kunne spele inn ein ny dersom eg ikkje var nøgd. Eg justerte manuset dersom eg oppdaga at noko ikkje passa inn eller måtte flyttast på. Det var praktisk å ha eit manus å lese opp frå, elles blei det lett til at eg slengte på unødvendige kommentarar. Då eg hadde lagt inn lydkommentarane, klipte eg vekk unødvendige pausar. Så justerte eg plasseringa og varigheita på bileta, og passa spesielt på at videoklippa passa til lydkommentarane. Eg la også til tekst på dei bileta eg ville ha det. Til slutt finpussa eg på overgangar, fargar og animasjonar, samt at eg la til musikk før og etter filmen. Kompresjonen senka kvaliteten på videoklippa ein del, og dei blei meir utydelege enn dei opphavleg var.




Vurdering av arbeidet mitt:
Eg trur at det er ganske tydeleg kva poenget i filmen er - å lære å lodde. Det er lite tekst, men eg valde å ha tekst på utstyret, og for å understreke kva eg snakka om. Slik kan det vere lettare å lære nye ord. Kanskje kunne det ha vore meir tekst, men det er eit val eg har teke.


Læringseffekten må vere god, i forhold til at den når alle tydelegare enn om eg hadde vist det framme ved kateteret. Dessutan er det nyttig med tanke på individualisering. Elevane sjølv kan spele det av så ofte dei vil på eigen pc, stanse undervegs osv.


Innhaldet er relevant i faget, men kor sentralt det er kan kanskje diskuterast. Det vart brukt mykje tid på å lage noko som skal gjerast på 3 minutt (frå læraren si side). På skulen vår får vi utdelt gratis radio-byggesett frå Universitetet i Stavanger kvart år, og prioriterer å bruke det. Dette var den einaste aktiviteten vi gjorde gjennom eitt av dei to kapitla om elektronikk. Slik sett var det sentralt i faget. Men det må nemnast at emnet, i seg sjølv, er meir vektlagt i læreboka enn det er i læreplanen.


Å lodde tek ikkje mange sekunda, difor er det mykje oppattakande bilete i filmen min. Derimot er det mykje ny informasjon som blir sagt samtidig. Denne går kanskje litt fort av og til, og er nok ikkje heilt lineær, men sidan elevane får teksten på papir saman med byggesettet, kan det repeterast dersom det er behov for det.


Eg har valt å bruke same skrifttype, storleik og farge gjennom heile filmen, og det er dei same effektane som er brukt på dei ulike typane av tekst. Det er lite tekst å lese, men mykje tekst å høyre, ein fordel for dei lesesvake.
Layout på tittelfelt og rulletekst skal ikkje vere utprega, for å behalde eit seriøst og fagleg uttrykk.
Lyden, teksten og bileta utfyller kvarandre.


Eg har vore bevisst i valet av animasjonar og overgangar. Dersom det er ein tydelegare overgang til noko "nytt", har eg brukt ein type overgang, medan eg har tona inn når eg ønskjer at bileta skal gli inn i kvarandre parallellt med teksten.


Eg har valt å leggje til musikk før og etter videoen, denne tonar inn og ut. Sangvalet er bevisst - det handlar om elektrisitet.;-) Den fangar dessutan merksemda til elevane. Eg ønskte ikkje å ha bakgrunnsmusikk på resten av filmen, då eg meiner at det ville ha vore forstyrrande og unødvendig.


Eg brukte elevar til å demonstrere loddinga, og viste dei same elevane filmen etter at han var ferdig. Eg fekk tilbakemeldingar om at han var lærerik, og at han forklarte godt korleis det skulle gjerast.


I del og bruk-anden legg eg filmen ut på YouTube, samt deler han i nettverket på skulen, slik at det forhåpentlegvis kan brukast av andre seinare. Så vidt eg kunne sjå låg det ikkje noko tilsvarande på YouTube på norsk frå før av (berre engelsk), og særleg ikkje på nynorsk.


Eg har lånt nokre teikningar frå ei anna webside, kjelda er oppgitt i rulleteksten på videoen. Musikken har eg ikkje opphavsrett til i det heile, men eg freista å bruke han likevel. Eg skal ikkje akkurat tene på dette.

onsdag 20. januar 2010

"Mauren"

På kurset viste Knut Atle oss dette youtube-klippet kor diktet "Mauren" av Inger Hagerup er animert. Eg vart så fascinert av dette, og har lyst å prøve noko liknande når vi skal ha ein periode med dikt i norsk seinare i vår. Men så var det den tida då...

tysdag 19. januar 2010

PNDL - Produksjon av nynorske digitale læringsressursar

Velkomen til bloggen min. :)

Eg heiter Iselin, er 27 år, gift med ein jærbu og har eitt born; Malin på snart 3 år. Eg kjem frå Ørskog på Sunnmøre, men har budd på Jæren sidan 2002. No bur eg på Sola, men har kjøpt tomt på Bryne og bygg nytt hus der som vi håper er innflyttingsklart i desember.

Eg har teke fagutdanning i historie, geografi, norsk og fransk, og var ferdig på PPU i 2007. Skuleåret 2006/07 arbeidde eg i 40 % stilling som lærar på Akademiet vgs i Sandnes, før eg gjekk ut i foreldrepermisjon våren 2007. Våren 2008 fekk eg jobb ved Bore Ungdomsskule i Klepp kommune, og har vore der sidan. Dette skuleåret underviser eg i samfunnsfag, norsk, RLE, naturfag og utdanningsval på 9.trinn. Eg er òg kontaktlærar for 15 elevar.

Då eg såg annonsa for kurset tenkte eg at det var midt i blinken for meg. Eg har ønska meg vidareutdanning innan IKT i undervisningssamanheng, og nokre fleire studiepoeng er heller ikkje feil. Eg forventar å lære korleis eg kan lage gode digitale læringsressursar, som ikkje er alt for tidkrevjande å lage, er knytt til læreplanmål, og som er såpass gode at dei kan delast med kollegiet.

Eg er allereie ganske gira, og i naturfagtimen i dag måtte eg ta fram filmkameraet då elevane skulle lodde saman elektroniske komponentar. Kanskje kan det bli ein læringsfilm av det? :-)